GRATISADVOKATANE TIL KJERKOL

Gratisadvokatane til Kjerkol

Kor mykje skal til for at dei skal finna grunn til å fremja kritikk mot henne?

Moglege forklåringar kan vera vondsinna trolling, og at dei kjem med nye, spanande og kreative vinklingar for å gjera seg sjølve interessante.

Ved å vera ivrige ærendlauparar og gratisadvokatar for Kjerkol er det ikkje tvil om at dette genererer fleire klikk.

Provokasjonar fungerer, men presseetisk er det heilt på jordet.

For å ikkje retta mistanke mot uskuldige, vil eg lista opp kven dette gjeld, og gje ein referanse til eitt døme frå kvar av dei:

Sjefredaktør i Trønder-Avisa, Sivert Rossing, ansvarleg redaktør i Dagens Perspektiv, Magne Lerø, ansvarleg redaktør i Nettavisen, Gunnar Stavrum, kommentator i Dagens Næringsliv, Anita Hoemsnes, konstituert politisk redaktør i Nordlys, Maja Sojtaric og ansvarleg redaktør i Universitetsavisa, Tore Oksholen.

Les også: Hun mistet jobben på grunn av Kjerkol: – Det deler jeg ikke med noen

I (tilsynelatande) fullt alvor vert det skapa eit inntrykk av at Kjerkol er vorten utsett for urett.

Etter at diskusjonen om hennar avgang la seg, kom ei ny vinkling:

No får ho støtte frå Sojtaric og Oksholen for å ha klaga på avgjerda frå Nemnda for studentsaker. Dei meiner endåtil at ho har ei god sak, som er av prinsipiell verdi for studentar.

Eg har sjølv vore student ein gong i tida, og ynskjer ikkje å verta assosiert med Ingvild Kjerkol. Ho har ei dårleg sak, som slett ikkje er eigna til å gje ei prinsipiell avklåring som kan styrkja rettstryggleiken til studentar.

Les også: Gunnar Stavrum: Ingvild Kjerkol fortjener unnskyldning for grovt feilaktig forhåndsdømming

Dette kjem av at omfanget av plagiat er så stort, og det er berre tre år sidan oppgåva vart godkjend.

Viss nokon derimot får graden sin annullert for såkalla sjølvplagiat som har gått føre seg for 20 år sidan, ja då har ein ei god sak.

PÅ JORDET: − Ved å vera ivrige ærendlauparar og gratisadvokatar for Kjerkol er det ikkje tvil om at dette genererer fleire klikk. Provokasjonar fungerer, men presseetisk er det heilt på jordet skriv Arve Kirkevik. Foto: Fotograf Storebø

Ansvarleg redaktør i Saltenposten, Helge Simonsen, har gjeve ei god skildring av verknaden Kjerkol-saka har hatt for studentar:

«Hun har gjennom disse månedene undergravet alle de studentene som blir kastet ut av både studier, stipend- og låneordninger og som får et juksestempel på seg selv for langt mindre alvorlige saker enn denne.»

Den eigentlege uretten er jo at ho fekk ein for mild reaksjon i Nemnda for studentsaker, og dét er det all grunn til å kritisera dei for. Hadde ho vorte behandla som ein vanleg student, hadde ho òg fått eitt års utestenging.

Les også: Raser etter Kjerkol-pressekonferansen: – Hun har aldri tatt ansvar for noe

Med mindre dei som sit i Felles klagenemnd er korrupte og kritikklause er det liten sjanse for at Kjerkol vinn fram med denne saka. (Kan henda er det ei lita von om at reaksjonen heller vert strengare.)

Om ein skal ha litt tru på rettsapparatet, vil ho tapa der òg.

Dersom ho likevel skulle få medhald, kan det få så alvorlege konsekvensar for tilliten til universiteta våre, og gradane dei utferdar, at det er eigna til å utløysa lovendringar som gjer regelverket for fusk endå strengare.

Ingen ærlege studentar har noko som helst å tena på at Kjerkol får mastergraden attende.

Å gje sanninga ein foreldingsfrist er absurd, og det strid imot alt som er av akademiske ideal.

Støtta Kjerkol har fått av mediale gratisadvokatar er ei mistyding av det å fremja balanse i mediedekninga. Det vert som å gje like mykje spalteplass til rabide konspirasjonsteoretikarar som til immunologar, og så tru at vaksinedebatten vert meir nyansert og balansert av at «båe sider» er representerte.

Den politiske sida av saka er at Kjerkol har bore seg åt som ein egosentrisk soloryttar heilt sidan masterjukset hennar vart avslørt i januar – i den forstand at åtferda hennar har vore og er framleis til skade for partiet og tilliten til politikarar generelt.

Det er vanskeleg å sjå at handteringa kunne vore verre, sjølv om ho hadde gått inn for det av alle krefter.

Les også: Kjerkol blir del av Støres skrekk-kabinett

Kvar vart det av partilojaliteten i Arbeidarpartiet?

Ho er duglaus både som politikar og student, og påklaginga av vedtaket om annullering av mastergraden gjer dette endå tydelegare.

Eg vert ikkje overraska om ho òg vil gjera seg til rettskverulant, og dra det heilt til Høgsterett, med støtte frå eit koppel av bjørnetenesteytarar i media, ein og annan villfaren jurist og frå kameraderikulturen i Trøndelag.

Viss nokon øyrekviskrarar som er i posisjon til å nå inn til Kjerkol vil gje henne reell hjelp, bør dei be henne gjera partiet ei teneste, og trekkja seg frå politikken.

Eg vil avslutta med eitt sitat til frå Helge Simonsen i Saltenposten, dette handlar om Kjerkol som leiar i Trøndelag Arbeiderparti:

«Å ha en leder som med viten og vilje har jukset seg til en grad som ikke bare åpner dører og gir et lønnsgrunnlag for jobber, men også nekter å ta det inn over seg, virker først og fremst som en forvirret fraskrivelse av virkeligheten.»

2024-05-07T21:49:02Z dg43tfdfdgfd